Praktisk informasjon

Overnatting og mat

Me har overnattingsplass til deg i dei koselege husa på Hardingasete.

Det kostar 1700 kroner per person for overnatting heile helga. Prisen er den same også om du berre skal bu der frå laurdag til søndag.

Me dekker kveldsmat fredag, frukost laurdag og søndag, all mat i sjølve bryllaupet og skal sørga for at de ikkje skal gå tørste.

Betal for overnatting på Vipps til Karen på 909 81 195 innan 15. mai. Merk betalinga med namnet ditt (og dei andre du eventuelt betalar for).

Kleskode

Fredag

Lett sommarkjole / uformelt pent.

Laurdag

Me giftar oss i bunad, og håpar alle som har bunad stiller i den! Har du ikkje bunad? Kledekode er smoking eller mørk dress.

PS: Ta gjerne med noko lettare og meir dansevenleg til festen på kvelden. Me skal også skifta før den.

Transport

Hardingasete ligg på ei halvøy i Kvam herad i Hardanger.

Det er klart enklast å koma seg dit med bil. Det er fleire som kjører både frå Oslo og Bergen, så ta kontakt om du har plass til ein ekstra passasjer i bilen din eller om du er på jakt etter nokon å kjøra saman med.

Alternativt kan du ta tog til Voss eller fly til Bergen, for så å ta buss vidare til Norheimsund. Me kan bistå med transport frå Norheimsund om du gir beskjed i god tid i forvegen. Sjekk skyss.no for rutetider til bussen.

Det er litt kronglete å koma seg til Hardingasete, men me skal gjera alt me kan for at du skal tenka at det var verdt å ta turen!

Adresse

Tangevegen 131
5620 Tørvikbygd